You are viewing [info]dritsirk's journal

Mvh SAS

  • Oct. 17th, 2010 at 11:06 PM
 Ditt fly er kansellert
SK4154 15OCT10
Bergen
Trondheim
Avg. 09:05

Mvh SAS


-Nei. Hæ? Kva gjer eg no?!
Det er ikkje kvar dag eg vaknar kl 0600 og les ein sms som seier at det i grunnen var heilt vekkasta å stå opp så tidleg. Det er heller ikkje ofte at flyet eg skal ta, vert kansellert. Det har faktisk aldri skjedd før. Så kva gjer ein? Jau, ein står opp og satsar på å kome med på eit anna fly. Ein sjekkar kva tid neste fly går, pakkar ferdig, tek seg litt betre tid ved frukostbordet enn planlagt, tek sekken på ryggen og går til flybussen.



På Flesland sit det ein mann med kvitt hår i hestehale bak ein skranke. Han er svært behjelpeleg med å putte meg på eit nytt fly. Han gir meg til og med ein matsjekk så eg ikkje skal svelte i hel i ventetida. To-tre timar seinare sit eg i sete 07F med destinasjon Trondheim og Forbundshelg. Endeleg.



Eg har vore i Trondheim mange gongar før, så eg vert ikkje overvelda når eg kjem fram. Derimot treffer eg Birgitte og kosar meg stort med nachos, kaffi og cookie. Ho er travel student og set mitt studieliv litt i perspektiv. Saman med Forbunda går eg sidan på Vesper i Nidarosdomen. Det er tydeleg at det er haust: mørkt, kaldt og gult. Synginga gjer meg godt og på vegen frå kyrkja snakkar me om laust og fast.



I S13 ventar bli-kjend-aktivitet, reklamedrops, fine menneske, mat, diskusjon, twist, inspirasjon, stas, søvn, kaffi og to halvstygge, men komfortable sofaar. Det heile vert toppa av ein forrykande fest og ei restituerande morgonmesse.

Ein bror med spanderbukser og ei svigerinne rundar av helga på Rabarbra og Burger King. Kvifor gå for berre ein type etestad?

Du er sjekket inn på
SK4179 TRD-BGO
17OCT10 19:05
...
Mvh SAS


I Bergen møter regnet meg og omfamnar meg med ein kjølig vind. - Eg vil at nokon skal vente på meg, tenkjer eg i det eg set meg til rette på flybussen. Eg vil at nokon andre enn regnet skal vente på meg. Stova ventar på meg. Senga ventar på meg. Regnet ventar på meg. Og på Torgalmenningen er livet som normalt.



Vi takker for at du
valgte SAS og ønsker deg 
en god tur videre og
en snarlig gjenkomst.

Mvh SAS
...

Svusj.

  • Aug. 19th, 2010 at 12:33 AM
 Svusj, sa det. Så var sommaren over. Enn kor lenge han varte, så sa det svusj. Svisj, svusj. 

Rigaturen. Svisj.
Sørlandsturen. Svusj.
Sommarjobben. Svisj.
Pengane. Svusj.
Haueturane. Svisj.
Strandlivet. Fjellivet. Svusj
Kveldane på paviljongen. Svisj.
Sommarferien. Svusj!

Men alt ligg i lufta enno. Lukta av sommaren, kjensla av sommaren. Til og med sommarveiret heng att. Enn så lenge. Om nokre dagar er det vekk, og me må vente eit års tid til neste gong. Svisj.

Svusj.

...
  • Snakke
  • Hugse
  • Share
  • Link

Det sit ein mann

  • Jul. 26th, 2010 at 7:04 PM
Det sit ein mann ein stad
og ventar.
 
Ein stad
ein mann
som ventar.
 
Han ventar på meg.

Veit han ikkje
kor lite ein finn
ved berre å vente?

Kva skjer?

  • Jul. 5th, 2010 at 10:55 PM
 Ingen veit. Alt er ope. Men eg ynskjer meg eit polaroidkamera og ei lita leiligheit på loftet til ei gamal dame i eit lite smug med kvite trehus.
  • Snakke
  • Hugse
  • Share
  • Link

Etter ein junidag:

  • Jun. 9th, 2010 at 12:43 AM
Juni.
Fjellet og markane ser ut akkurat slik dei såg ut den gong dagane var endelause og stress var eit ord ein ikkje kunne. Den gong ein stadig prøvde å lage blomekrans av løvetann og engkarse, men ikkje heilt fekk det til, og måtte spørje ein vaksen etter hjelp. Då tøysko var eit sikkert sommarteikn fordi ein aldri fekk lov til å bruke dei med mindre det var heilt tørt i marka. Den gong ein gjekk til besta for å få påfyll i sukkerkoppen, etter å alt ha ete ein lang rabarbrastilk med sukker, fordi ein visste at mamma synest det var meir enn nok med ein kopp.
Dei ser ut akkurat slik som dei gjorde den gong byrjinga av badesesongen vart avgjort av gauken og snøsmeltinga i Konbergsfjellet, og lukta av våt asfalt for alvor gjorde inntrykk. Og som den gong dei ikkje sende barne-TV når det var fineveir, og ein kunne sitje i solvarmen på trappa heilt til det var leggetid.

Fjellet og markane er dei same. Alt anna er anleis.
Ein har fått kjenne stress på kroppen og dagane er som regel for korte. Blomekransar lagar ein ikkje, og tøysko går ein med året rundt. Besta er her ikkje lenger, rabarbra er ikkje like spennande, starten på badesesongen er fullstendig opp til kvar enkelt, og barne-TV vert sendt døgnet rundt uansett. Alt det som ein likte så godt har vorte erstatta av utfordringar, fornuft og usikkerheit om framtida. Ting er ikkje lenger enkelt.
Men i junifjellet og junimarkane ligg alt det gamle og lokkar fram alt det fine frå barndomens sommar.
Takk og pris!

Separasjon.

  • May. 24th, 2010 at 1:50 PM
Det er ikkje sommarferie.
Ikkje endå.
Men hovudet er reist.
Heim til Sunnmøre.
Heim til sommaren.
- Nok er nok, sa hovudet,
og let kroppen vere att åleine i studiebyen.
Åleine med to eksamenar og elles sosialt samkvem.
Hovudet har visst trua på at kroppen skal klare seg heilt fint dei siste vekene,
men kroppen har vel sine tvil.
...

Etter ein aprilkveldstur:

  • May. 16th, 2010 at 5:40 PM
Det beste i verda.

Det beste i verda
er ikkje brownies med krem
og sjokoladebitar.
Det er ikkje is med
alskens non stop og
herlege sausar.
Ikkje kaffi
og ikkje
gratis påfyll,
eller krydderte
med honning. Ikkje
eit varmt bad.

Nei, det beste i
verda
er å stå heilt
heilt stille
i ei lysning i skogen
og ikkje høyre anna
i tillegg til sin eigen
pust, enn fuglar
som slår
med dei små vengene sine
og syng
av full hals mellom
tretoppane.

Å stå der,
akkurat passe sliten,
og ikkje høyre
antydning
til by, men berre
kjenne
korleis lukta av vårkveld
stiltrar seg
opp naseborene,
medan vårlufta
flørtar
med augevippene.

Det er det
som er det beste
i heile verda.

I alle fall i dag.
...
  • Snakke
  • Hugse
  • Share
  • Link

Kveld

  • May. 14th, 2010 at 11:23 PM
Klokka tikkar seg fram mot midnatt, og du sit sjølvsagt på kjøkenet og styrer med ingen ting anna enn å lytte til klokketikkinga.
Det er underleg kor ein slik liten lyd kan dominere ei heil sinnsteming,
tenkjer du medan du held beina i kross berre for å sleppe å gå på do heilt enno.
Ikkje at det å gå på do hadde vore så forferdeleg mykje om å gjere,
men det er vel berre slik du er. Går ikkje på do før det er absolutt naudsynt.
Ikkje kler du på deg heller, sjølv om du sit der i kjolen din, og frys.
Du gjer vel ikkje stort anna enn å sitje der. Og å høyre på den trufaste klokka som tel.
Eitt og eitt sekund. Støtt og trottig. Først fram mot midnatt, sidan fram mot ein ny dag.
Du tek ein sup av det kalde vatnet som står i eit glas på bordet.
Det gjer at du frys endå litt meir enn du nettopp gjorde.
Så skriv du noko på notisblokka di.
Den som hadde vore ei klokke, skriv du. Du prøvar deg fram med forskjellige måtar å skrive det på.
Tenk å vere ei klokke.
Det stoppar der. Meir kjem du ikkje på å skrive.
Alt i alt kjem du vel fram til at det slett ikkje er noko å lengte etter, det å vere ei klokke.
Så du tek affære og går på do, hentar deg ein varm gensar som du trer over hovudet,
før du lagar til ei rista skive med honning til kveldsmat.
Så let du klokke vere klokke og morgondag vere morgondag.
Men mest av alt let du draum vere draum.
God natt.
...
 
  • Snakke
  • Hugse
  • Share
  • Link

Vår

  • May. 7th, 2010 at 1:46 PM
Sol. Bris. Sykkel. Solbrille. Jakke. Tøysko. Grill. Opne vindauge. Blide menneske. Eksamen. Kaffi. Is.

Eg likar i grunnen våren.

Om Facebook

  • Mar. 13th, 2010 at 2:48 PM
Det var ein ettermiddag i haust at eg, nærast ved eit innfall bestemte meg for å opprette ein facebook-profil. Innfallet kom på veg heim frå skulen. I det eg svinga frå Gimlevegen til Ibsens gate bestemte eg meg: eg skal skaffe meg facebook. Det var vel ingen spesiell grunn til at eg plutseleg var overtydd om at facebook var tingen -  når sant skal seiast, var eg nok heller ikkje skikkeleg overtydd, men det får vere. Uansett oppretta eg ein facebookprofil same ettermiddagen, og sidan den dagen har eg brukt vesentleg meir tid på nettet enn eg gjorde før. Eg veit jammen ikkje om eg likar det. 

Det er vel omlag eit halvt år sidan denne sjebnesvangre dagen, og i dag vakna eg med ei kjensle av å vere mutters åleine i denne verda. Denne snikande kjensla av einsemd kjem og går, men i dag tidleg slo det meg at den har vore på hyppigare besøk det siste halve året enn den var før. Og det et slo meg at Facebook kan ha noko med saka å gjere. Det er jo ikkje til å legge skjul på at det først og fremst er behovet for å verte sett og stadfesta (saman med behovet for å snoke i andre sine liv) som får mennesket, inkludert meg sjølv, til å opprette slike "offentlege dagbøker" som Facebook og blogg. Og når kommentarar og meldingar frå andre let vente på seg, kjenner ein seg meir einsam enn ein ville gjort utan Facebook. Dette var mi vesle hypotese. 


Så, under frukosten, fekk eg støtte for mistankane mine. Saman med mine to skiver med kvitost og mår inntok eg også diverse aktualitetar frå Morgenbladet frå førre veke, og der kom eg over "Hvorfor jeg ikke er på Facebook" ; eit lesarinnlegg som definitivt fortener litt merksemd. Eg er nemleg fortsatt ein Faceook-kritikar, sjølv om eg brukar stadig meir tid på det. Eller kanskje er det nettopp difor. 

...