Home

Advertisement

Eldre historie | Nyare historie

Ut i naturen

  • Jun. 9th, 2007 at 2:53 PM
                   

Det er rart med det. Ein bur i ein by omringa av sju fjell, men berre ein gong har ein sett sine føter på eit av dei. Dette måtte gjerast noko med, og det var min gode ven Sissel som tok initiativet. Etter fleire dagar med mykje jobb meinte me det var på tide med eit lite avbrekk, og sidan sola har vore flittig i Bergen i det siste, bestemte me oss for å ta sjansen på å sove ute under open himmel. Sissel hadde funne ein ypparleg stad med både utsikt og flatt underlag. Det var rett og slett fantastisk.

Så, etter at eg var ferdig på jobb klokka ti i går kveld, gjekk eg heim, dusja, pakka ferdig og traska i veg mot Danmarksplass der Sissel venta med sine nye sko og hovudlykt. Så var det berre å tusle oppover fjellsidene i det sola gjekk ned over byen og farga himmelen rosa.



Det vart seint før me kom oss på plass, men det hindra oss ikkje i å lage eit aldri så lite bål, ete snop, spele kortspel og nyte livet. Me kan jo seie det slik at det vart endå seinare før me kom oss i soveposane.



Seint vart det derimot ikkje før me vakna av knott og mygg som sneik seg inn gjennom pusteglipa. Men alt går, og me sov heilt til sola varma oss i ansiktet på morgonkvisten.



Det er slike ting ein skulle ynskje ein gjorde oftare. Takk, tusen takk, for ei fin oppleving, Sissel.

Les meir her.

 

Comments

( 4 snakkesalige — Snakke )
[info]sissel.wordpress.com wrote:
Jun. 10th, 2007 08:49 pm (UTC)
takk det same kristi! Det var ein herlig kveld :)
-Siss
(Anonymous) wrote:
Jun. 11th, 2007 02:03 pm (UTC)
Eg stiller sterkt neste gong, såg kjempekjekt ut, rett og slett. :)

God sommar!

-Andy
[info]dritsirk wrote:
Jun. 13th, 2007 08:33 pm (UTC)
Ja, det må du absolutt! Men då må eg kjøpe meg eit eige liggeunderlag:)
[info]chanpoet wrote:
Aug. 21st, 2007 12:02 am (UTC)
I love the portrait of this person in the grass, the lighting, color and composition are very good.
( 4 snakkesalige — Snakke )

Visdom

Joli kjem

Joli kjem når blomar gror
opp frå krigens brende jord.
Joli kjem som mogen frukt
Når me jagar hat på flukt.
Joli kjem som tre or frø
Når me deler vatn og brød.
Då i fredens kvite natt
høyrer hyrding songen att.

Joli kjem når blomar gror
opp frå krigens brende jord.
Joli kjem som mogen frukt
når me jagar hat på flukt.
Joli gjer ein ørken grøn
når me byter hemn med bøn.
Då når kjærleikstankar kjem
syng dei ivi Betlehem.

Joli kjem når blomar gror
opp frå krigens brende jord.
Joli kjem som mogen frukt
når me jagar hat på flukt.
Joli kjem som busk frå grus
når me deler land og hus.
Når me tek ein bror i famn
lovsyng englar Jesu namn.

JULEVERS FRÅ PALESTINA

Latest Month

December 2009
S M T W T F S
  12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
Powered by LiveJournal.com